Konfirmasjonsdagen nærmar seg og konfirmantane har lagt bak seg eit innhaldsrikt år med samlingar, måltidsfellesskap og gøye aktivitetar. Det nye året starta med Vinterfestivalen på Voss i februar, saman med konfirmantane i Aurland. Høgdepunkta på festivalen var slalombakken, farmen-presten Thor, lykkehjulet vårt, vere saman med kvarandre og stifte nye kjennskap.
Siste søndagen i mars har konfirmantane delteke på Ung Messe og gått bøssebærar for den årlege fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Har du ikkje fått besøk av konfirmantane, men ynskjer å støtte "Håp i ein dråpe vatn", finn du vippsnummer i annonsa under.
Hauge kyrkje 20. mai kl. 11.00.
Aline Maristuen, Ida Charlotte Netland, Isak Bjørkum, Lea Sofie Strand Elgåen, Linnea Cirotzki Fossen, Mie Ørbeck Mo, Ronja Cirotzki Einemo og Signe Grøttebø Nundal
Tønjum kyrkje 28. mai kl. 11.00.
Aletta Rumohr, Johannes Rock Nybø, Minna Hval Ødegård og Sara Klevberg.